Hjelmeland Byggforretning er din totalleverandør av mur- og tømrartenester i Sogn.
Handverk som står i generasjonar
Vi er spesialistar på:
Muring, flislegging, pussing og tømrararbeid som tåler vestlandsvêret.
Vi tek hand om alt frå badegolv og peismontering til ombygging og nye tilbygg,
– utført med solid fagkunnskap og yrkesstolthet.
Kvifor velje oss?
Meisterbedrift med djup fagkompetanse
Som godkjend meisterbedrift garanterer vi for rett fagkunnskap og varig kvalitet.
Vår lange erfaring er di tryggleik for at alt arbeid,
– frå komplisert natursteinmuring til berande trekonstruksjonar blir utført med millimeterpresisjon.
Moglegheit for eigeninnsats
Vi ønskjer å gjere byggjeprosessen så smidig som mogleg for deg.
Vil du spare pengar ved å rive det gamle badet eller peisen sjølv?
Gjer gjerne det, medan vi tek oss av den profesjonelle oppbygginga.
Enova-støtte til energitiltak
Som meisterbedrift utfører vi tiltak som kan gje rett til Enova-støtte.
Sjå Enova sine sider for meir informasjon.
Solid erfaring sidan 1983
Hjelmeland Byggforretning AS vart starta i 1983 av brørne Frank Ove og Roy Atle Hjelmeland.
Gjennom over 40 år har fokuset vårt vore det same:
– å levere handverk av høg kvalitet og følgje opp kundane våre på best mogleg måte.
At vi i dag har mange trufaste gjenkjøpskundar,
og at ein stor del av oppdraga våre kjem via tilrådingar,
er for oss det beste teiknet på at yrkesstolthet og kvalitet løner seg.